Polsk koronasmitte skapar utfordring for Berge

Les hele artikkelen

Landslagssjef Christian Berge kunne i dag melde om at alle spelarane i den norske troppen har testa negativt for koronaviruset, og er klare for den første kampen i mellomspelet av handball-EM.
Men viruset skapar likevel utfordringar for Berge. Så langt i EM har Polen fått ni spelarar smitta av korona, men det er usikkert om nokre av desse er tilbake frå sjukdom i tide til kveldens kamp.
– Vi har ikkje oversikt over laget deira. Eg veit ikkje om dei har fått alle svara enno. Det tek nok nokre timar før ein sit med full oversikt, så det er ei lita utfordring, seier Berge på eit pressetreff før kampen, før han legg til at Noreg må fokusere på eigne arbeidsoppgåver.
– Vi ønskjer å få i gang kontringsfasen og samhandlinga offensivt. Vi må våge å sleppe ball i større grad no når vi møter eit lag som spelar fysisk tøft bakover, og lagar mange frikast. Det vil vi unngå, seier han.
Kampen mot Polen er den første i mellomspelet. Den kan du høyre på NRK Sport torsdag kveld.