Kven som kvalifiserer seg til VM i 2026 avheng stort av fredagens kamp på Ullevaal. Vinnaren av gruppa går direkte til VM i USA, Canada og Mexico.
– Det er ein viktig kamp. Me møter vår tøffaste motstandar. Me førebur oss på å vere på vårt beste, for me veit at for å kvalifisere så er det mykje som avheng av denne kampen, sa Giovanni Di Lorenzo da han møtte pressen før Italia møter Noreg.
Napoli-spelaren fortel at Italia er førebudd på å forsvare seg som ein eining for å stoppe det han meiner er Noregs farlegaste våpen.
– Me er klar over dei gode spelarane Noreg har. Som Haaland, Ødegaard og Sørloth. Det er kvalitetsspelarar.
Noreg fekk ein draumestart på VM-kvalifiseringa ved å slå Moldova og Israel på bortebane. Italia spelar sin første kvalifseringskamp når dei møter Noreg.
Kampen på fredag kan du høyre på NRK Sport frå 20.15. Kampstart er 20.45.