Premier League-dommaren Anthony Taylor (43) skal leie toppoppgjeret mellom Sverige og Noreg i nasjonsligaen søndag.
Begge laga kjem til kampen etter bortesiger torsdag og speler om kven som skal leie gruppe B4 etter to rundar.
Taylor var dommar då Christian Eriksen vart ramma av hjartestans i Danmarks kamp mot Finland i EM-sluttspelet i fjor. Han fekk ros for at han raskt oppfatta situasjonen og sørgde for at Eriksen fekk legehjelp som berga livet hans.
Den engelske dommaren dømde FA-cupfinalen både i 2017 og 2020, begge med Arsenal-siger over Chelsea. Han var den første sidan 1901 som fekk dømme finalen to gonger. Han er også blant dei uttekne dommarane til VM-sluttspelet i haust i Qatar.
Taylor var dommar då Noreg slo Montenegro 1–0 borte i VM-kvalifiseringskamp i fjor. Han gav matchvinnar Alexander Sørloth det gule kortet som sette han utanfor heimekampen mot Nederland.