Robert Lerwandowski blei møtt med kraftig pipekonsert då han gjesta Bayern München for første gong etter overgangen til Barcelona, og måtte også tole eit 0-2-tap.
Men han kunne ha blitt dagens mann på si gamle heimebane. To gonger før pause kom han til enorme sjansar, men den eine sett han over, den andre midt på keeper.
I staden var det Bayern som tok kommandoen etter pause. Lucas Hernandez og Leroy Sané scora to gonger i løpet av tre minutt tidleg i andre omgang. Det greidde aldri Barcelona å svare på. Pedris stolpeskot var det nærmaste dei kom.
Bayern, som slo Inter i førre runde, leier dermed tabellen framfor Barcelona.
I same gruppe slo Inter Viktoria Plzen 2-0.