PGA-touren i golf lanserte onsdag nye planer med fleire pengesterke turneringar og meir tilpassa turneringsplan for dei beste.
Planen går ut på at det skal vere minst 20 turneringar i ein sesong, av dei er 12 større turneringar med 20 millionar dollar i premiepotten. Håpet er at alle dei beste skal møtest oftare.
Det er eit forsøk på å demme opp for den kontroversielle saudiarabisk-finansierte LIV-touren, der det er premiepott på 25 millionar dollar, i tillegg til store summar for å signere for touren.
Fleire toppnamn har allereie hoppa over til LIV, og det er venta at fleire går same vegen når PGAs FedEx-sluttspel blir avslutta i helga. Mellom dei er verdstoar Cameron Smith, som nyleg vann British Open.