Den brasilianske fotballegenda Pelé (81) er innlagd på sjukehus på grunn av tarmkreft, melder VG og fleire internasjonale medium.
Det vart i september kjent at den tredobbelte verdsmeisteren var ramma av kreft i tjukktarmen. CNN i Brasil skriv at han er innlagd for å halde fram behandlinga for sjukdommen, og at han truleg kan forlate sjukehuset dei neste dagane.
Pelés tilstand skal vere stabil. Han er tidlegare operert for tarmkreften og får cellegiftbehandling.