Overtidsmål knekte Tottenham

Les hele artikkelen

To innbytar-mål etter at klokka hadde passert 90 minutt gav Sporting 2-0 over Tottenham heime i Lisboa.
Tottenham skapte dei langt fleste sjansane, men sløste vekk alle. Dermed kunne Sporting avgjere med si sterke avslutning
Første omgang i Lisboa var sjansefattig med få sjansar. Etter pause losna det for begge lag, og det var Tottenham som skapte dei fleste og farlegaste sjansane, med Emerson Royal og Harry Kane involvert i det meste.
Men engelskmennene bomma på alle sjansane, og Sporting kom sterkt tilbake mot slutten av kampen.
Etter 90 minutt var Paulinho høgast av alle på corneren frå Pedro Goncalves, og styrte inn 1-0. To minutt etterpå dobla Arthur Gomes med ein flott enkeltprestasjon der han nærmast dansa seg gjennom Tottenham-forsvaret.
Sporting toppar dermed gruppa med seks poeng og ingen baklengsmål etter to kampar. Marseille møter Eintracht Frankfurt i same gruppe seinare i kveld.