Norges U21-lag snudde 1-2 til 3-2 på overtid i toppkampen mot Kroatia, og la eit godt grunnlag for EM-deltaking neste år.
Roko Simic gav Kroatia 1-0 etter berre fem minutt. Norge fekk utlikning ved Erik Botheim åtte minutt før pause.
Simic gav Kroatia leiinga på ny etter 79 minutt, og gjestene såg ut til å sikre seg gruppesigeren som gir EM-plass.
Men to minutt på overtid utlikna Jesper Daland, og fem minutt på overtid sette kaptein Jørgen Strand Larsen inn 3-2 i Drammen.
Dermed er Norge eitt poeng bak Kroatia, og med ein kamp til gode. Med sigrar over Finland og Aserbajdsjan vil dermed Norge ta gruppesigeren.