Overraskingsmannen ut med skade

Les hele artikkelen

18 år gamle Carlos Alcaraz frå Spania måtte gi seg med skade i det andre settet mot canadiske Felix Auger-Aliassime i US Open-kvartfinalen.
Auger-Aliassime leidde 6-3, 3–1 då Alcaraz måtte kaste inn handkleet.
– Det er skikkeleg tøft å avslutte ei flott turnering på denne måten. Eg hadde ikkje noko anna val. Eg må ta vare på kroppen og halde meg i god form. Eg kjende meg ikkje bra nok til å halde fram, sa han.
Alcaraz var den yngste kvartfinalisten i US Open på 58 år. Som nummer 55 på verdsrankinga slo han mellom anna ut verdstrear Stefanos Tsitsipas i den tredje runden.