Silje Opseth var nære, men ikkje nære nok til å slå Marita Kramer som var relativt uslåeleg i verdenscupen i Klingenthal laurdag. Austerrikeren dunka til med eit hopp på 137 meter i første omgang, før ho leverte eitt til på 134 meter.
Opseth sine hopp låg på 130 meter, medan Katharina Althaus tok tredjeplassen med sine hopp på 129,5 og 127 meter.
Dermed måtte Opseth ta til takke med nok ein andreplass, og hennar 12. pallplass i karrieren så langt.
– Eg kan ikkje klage på ein andreplass. Eg fekk ikkje heilt kjensla, det var litt halvveges, men eg er på riktig veg, seier Opseth til TV 3.
Hoppekspert Kasper Wikestad meiner hoppesset verkar stabil.
– Det er imponerande, seier Wikestad.
Sara Takanashi frå Japan var nære å ta bakkerekorden med hennar hopp på 140 meter, medan Anna Odine Strøm og Thea Minyan Bjørseth hamna på 18.-plass og 19.-plass.