Per Ravn Omdal (74) fekk tysdag synleg bevis på at han er utnemnt til riddar 1. klasse av St. Olavs Orden. Han blir heidra for sin innsats for kvinnefotballen.
Den tidlegare fotballpresidenten (1987-92 og 1996-2004) har i sine mange verv i fotballen vore ein forkjempar for kvinnefotball både nasjonalt og internasjonalt. Han har hatt styreverv både i Uefa og Fifa, og har vore leder av Fifas kvinnekomité.
– Dette er veldig fortent. Per er ein av dei aller største i norsk fotballs historie. Den jobben han har gjort, og betydninga han har hatt for heile norsk fotball på alle nivå, er enorm. Per har alltid brent spesielt for integrering og at fotball skal vere for alle. Han har vore svært viktig for anleggsutviklinga med kunstgrasbaner, og ikkje minst har han hatt ei helt avgjerande rolle for kvinnefotballen, sa fotballpresident Lise Klaveness.