Oldham rykka ned med publikumsbråk

Les hele artikkelen

Oldham Athletic blei truleg den første klubben som har spela i Premier League, og som rykka ut av ligaen. Med tap for Salford laurdag var nedrykket klart.
Vi skriv «truleg», fordi kampen blei avbroten etter at publikum storma bana etter 80 minutt, på stilinga 1-2. Fansen kravde eigaren ut av klubben, og nekta å gå av bana. Derfor blei kampen ikkje fullført.
Politiet måtte utpå bana for å rydde vekk folk. Det tok 20 minutt, og dommaren valde å ikkje setje kampen i gang igjen.
Det er enno ikkje formelt klart kva ligaleiinga vil gjere med kampresultatet i den avbrotne kampen.
Oldham var medlem av Premier League frå starten i 1992. Etter to år rykka dei ned i Championship, i 1997 bar det til league One. Der var dei i 21 år før dei fall ned til League Two i 2018.
Og no er Oldham klar for National League, nivå 5. Så langt nede var dei heller ikkje før Premier League. Klubben kom med i den engelske ligaen frå 1907.
Gunnar Halle ble den første nordmann som scora i Premier League med sitt mål i Oldhams 5-3-siger over Nottingham i 1992.