Oldham – første PL-lag som rykkjer ut av ligaen

Les hele artikkelen

Oldham Athletic blei den første klubben som har spela i Premier League, og som rykka ut av ligaen. Med tap for Salford laurdag var nedrykket klart.
Kampen blei avbroten etter at publikum storma bana etter 80 minutt, på stilinga 1-2. Fansen kravde eigaren ut av klubben, og nekta å gå av bana.
Politiet måtte utpå bana for å rydde vekk folk. Det tok 20 minutt. Restebn av kampen blei spela for tomme tribuner, utan at det blei fleire mål.
Oldham var medlem av Premier League frå starten i 1992. Etter to år rykka dei ned i Championship, i 1997 bar det til league One. Der var dei i 21 år før dei fall ned til League Two i 2018.
Og no er Oldham klar for National League, nivå 5. Så langt nede var dei heller ikkje før Premier League. Klubben har spela ligafotball sidan 1907, i 107 år. Dei har aldri blitt meister, men var nummer to i 1915.
Gunnar Halle ble den første nordmann som scora i Premier League med sitt mål i Oldhams 5-3-siger over Nottingham i 1992.