OL til (minst) 31 milliardar

Les hele artikkelen

Ein priskalkyle for sommar-OL i australske Brisbane i 2032 viser at leikane vil koste 5 milliardar australske dollar, eller drygt 31 milliardar norske kroner, opplyser sportsminister Richard Colbeck.
– Men på grunn av infrastrukturen som må byggjast ut, kan nok prislappen bli noko meir enn det, kommenterte Colbeck.
Arrangørane har planlagt å oppgradere eksisterande anlegg i staden for å byggje nytt.
Men allereie no har delstaten Queensland bestemt seg for å bruke over seks milliardar kroner på oppgradering av Gabba Cricket Gound, som blir hovudstadion.
– Det kom litt overraskande på oss, seier sportsministeren.
Så spørst det om budsjettet vil sprekke endå meir i dei 11 åra som gjenstår. Det var i juli i år at Brisbane blei tildelt sommar-OL 2032.
Først er det OL i Paris i 2024 og i Los Angeles i 2028.