Oilers vann toppkampen

Stavanger Oilers har skaffa seg et lite overtak i eliteserien i ishockey Laurdag blei Frisk Asker slått 5–1.
Rogalendingane låg under etter første periode, men eit stormløp i andre halvdel av kampen gav klar siger over dei regjerande meisterne frå Asker. Oilers har vunne 16 av sine 19 siste kampar.
Tapet var Frisks første på sju oppgjer. Stavanger toppar tabellen eitt poeng føre Stjernen, som laurdag rauk 0–4 borte mot Vålerenga. Deretter følgjer Frisk ytterlegare fem poeng bak. Begge har éin kamp meir spelt enn Oilers.