Oilers tok pokalen for åttande gong

Les hele artikkelen

Stavanger Oilers slo Storhamar 5–2 søndag og sikra med det sin åttande NM-tittel i ishockey. Dei slo Hamar-klubben i fire strake kampar.
Perioderesultata i siste kamp var 1-1, 0–2 og 1–2.
Oilers var suverene også i grunnspelet, der dei hadde sikra gullet fleire rundar før slutt. Mot Storhamar trengde dei ikkje meir enn fire kampar på å bevise at dei er Noregs beste lag.
Den åttande tittelen betyr at Oilers no er likt med Forward som Noregs nest mest suksessrike klubb i NM-samanheng. Berre Vålerenga har fleire med sine 26 triumfar. Forward tok sju av titlane under namnet Gamlebyen.
Oilers vant sju gonger frå 2010 til 2017. I 2011 vann Sparta NM. Oilers har tidlegare tatt seg forbi Ringerike og Sparta på veg mot finalen.
Med det kunne Oilers juble for ein ny NM-tittel. Det har ikkje blitt spelt NM sidan 2019 grunna koronapandemien. Den gang stakk Frisk Asker av med sigeren.
Før det vann Storhamar, før tittelen nå er tilbake i Stavanger etter fem år utanbys.