Joshua King og Fredrik Midtsjø må melde forfall til landslagstroppen grunna skade. No er erstattarane klare.
I ei pressemelding stadfestar Norges fotballforbund at Ohi Omoijuanfo, Julian Ryerson og Iver Fossum har blitt teken inn i Noregs landslagstropp til kampane mot Tyrkia og Montenegro.
– Det betyr mykje å representere landslaget. Eg har gjort det før, og det blir gøy å gjere det igjen. No gler eg meg til kampane, og håpar eg kan bidra, sa Omoijuanfo til NRK etter uttaket.
Erling Braut Haaland er framleis ein del av troppen, men ifølgje Ståle Solbakken er sjansen stor for at han også må melde forfall grunna skade.
– Vi reknar også med at Erling er ute av troppen, men legane held dialogen med klubben og har framleis eit lite håp. Troppen tel no 24 spelarar, og det er ein tropp vi har stor tru på at kan slå Tyrkia på bortebane og Montenegro på Ullevaal, seier Solbakken ifølgje pressemeldinga.