Sveits utfordrar mellom anna ein felles søknad frå Noreg, Danmark, Sverige og Finland om retten til å arrangere fotball-EM for kvinner i 2025.
Sveits vil arrangere meisterskapen i ni ulike byar, inkludert Bern, Basel og Zürich.
Meisterskapen i 2025 skal ha med 16 lag, og det skal spelast 31 kampar.
I tillegg til søknaden frå Noreg, Danmark, Sverige og Finland, har Frankrike og Polen signalisert at dei ønskjer å søkje om meisterskapen.
Søknadsfristen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa) går ut 12. oktober.
Uefas styre avgjer kven blir arrangør under eit møte 25. januar 2023.
England var arrangør av EM-sluttspelet i år og vart også vinnar av meisterskapen med siger over Tyskland i finalen.