Australia sluttar seg til USAs diplomatiske boikott av vinter-OL i Kina i februar. – Ingen kjem til å bry seg, er svaret frå Beijing.
Dermed legger Australia seg på same linje som USA, som måndag kunngjorde tilsvarande markering overfor Kina.
Boikotten påverkar ikkje utøvarane si deltaking i OL.
Kina reagerer på sedvanleg vis kraftig på tiltaket, samtidig som styresmaktene avfeiar dei som betydningslause.
– Ingen har invitert australske representantar til OL, og ingen bryr seg heller om dei kjem, sa talsperson Wang Wenbin i kinesisk UD. Han kalla tiltaket for «politisk posering».
Den norske regjeringa har gjort det klart at ein norsk diplomatisk boikott ikkje er aktuelt