Ødegaard-mål i storsiger

Les hele artikkelen

Martin Ødegaard hamra inn rosina i pølsa på ein festdag for Arsenal. Med 5-0-siger over Nottingham Forest er London-klubben framfor Manchester City på tabellen.
Frå start til slutt var det ingen tvil om korleis poenga skulle fordelast, men et Arsenal i kjempeflyt skapte mest spørsmål om kor stor sigeren skulle bli.
Tabelljumbo Forest sjokkerte Fotball-England med 1-0-siger over Liverpool sist helg, men blei ein kasteball i London.
Arsenal gjorde ingen endringar på laget som spilte 1–1 mot Southampton, men i 1. omgang måtte Bukayo Saka gi seg med skade. Det opna opp for Reiss Nelsons første Premier League-minutt for sesongen. Han blei dagens helt i London med to mål og éi målgivande pasning.
Gabriel Martinelli, Thomas Partey og Ødegaard scora dei andre måla for Arsenal. Ødegaard scora kampens siste mål etter å ha vist fram god nærteknikk i Forests 16-meter, før han banka ballen opp i nettaket.
Arsenal er med det igjen på tabelltoppen med to poeng framfor Manchester City. Det står att to kampar før Premier League tar VM-pause.