– Ødegaard kan vere Slovenia-klar

Les hele artikkelen

Martin Ødegaard kan vere aktuell for Noregs fotballandskamp borte mot Slovenia laurdag. Han har slite med ein leggskade den siste tida.
Landslagssjef Ståle Solbakken informerte om statusen for Ødegaard i forkant av treninga på Ullevaal torsdag. 23-åringen slutta seg til troppen snautt tre døgn etter at samlinga starta måndag.
– Han er her av ein grunn. Og han er med frå start av treninga i dag som dei andre. Så får vi sjå. Skanninga av beinet var fin, og han har også vore gjennom ein fin test, sa Solbakken.
Han kunne ikkje seie noko meir konkret om Ødegaard og eventuell kamptid for han i dagane som kjem.
– Det er sjølvsagt viktig for oss at Martin er her. Vi har ingen som berre kan gå inn og erstatte Martin i laget mitt, sa Solbakken.
Landslagskapteinen pådrog seg ein skade under trening med klubblaget Arsenal for snart to veker sidan. Den gjorde at han stod over seriekampen mot Brentford sist helg.