Nytt poengtap for Bayern

Les hele artikkelen

Morten Thorsby og Julian Ryerson spelte begge frå start då Union Berlin greidde 1–1 mot regjerande seriemeister Bayern München i Bundesliga laurdag.
Resultatet betyr at Bayern har gitt frå seg poeng i to kampar på rad. Sist blei det 1–1 mot Borussia Mönchengladbach.
Thorsby og Ryerson starta begge kampen for vertane frå hovudstaden, og dei såg Sheraldo Becker sende dei i leiinga etter 12 minutt. Den fekk dei likevel ikkje ha lenge, for berre tre minutt seinare utlikna Joshua Kimmich.
Ryerson blei tatt av etter 81 minutt, mens Thorsby blei tatt av fire minutt seinare.
Det blei ikkje fleire mål i kampen, og dermed er Union stadig utan tap og står med 11 poeng etter dei først fem kampane.
Det same gjer Bayern. Det skil eitt poeng opp til serieleiar Freiburg, som er framfor Borussia Dortmund på målforskjell. Freiburg slo Bayer Leverkusen 3–2 laurdag.