Ny siger for United

Les hele artikkelen

Anthony Martial, Marcus Rashford og Jadon Sancho scora då Manchester United slo Crystal Palace 3–1 tysdag. Laget er utan tap i sesongoppkøyringa.
Martial har vist målform i Erik ten Hags første kampar som United-manager, og mot Palace brukte han ikkje meir enn snautt 40 sekund på å fyre av sitt første skot.
Og det skulle gå berre 17 minutt før franskmannen kunne feire si tredje scoring i sommar. Diogo Dalot la inn framfor mål, og Martial kunne dempe ballen på brystet og banke inn 1–0.
2–0 kom etter pause. Sancho tredde gjennom Martial, som nesten runda keeper før han slapp ballen vidare til Donny van de Beek, som igjen spelte Rashford på blank kasse.
Berre 12 minutt seinare sparka også Sancho ballen i mål. Han blei spelt gjennom av Martial.
Joel Ward reduserte for Palace før Manhester Uniteds ungutt Will Fish (19) drog på seg direkte raudt kort for å rive ned Victor Akinwale.