Jørgen Strand Larsen fekk ikkje starte Wolverhampton sin bortekamp mot Tottenham Hotspur søndag ettermiddag, men kom inn frå benken og sikra eitt poeng med sitt 2–2-mål i det 87. minutt.
«Wolves» tok leiinga ved Hee-Chan Hwang i det sjuande minutt, før Rodrigo Bentancur og Brennan Johnson snudde til 2–1 for heimelaget før pause.
Før 2-1-målet hadde «Spurs» sin kaptein Heung-Min Son bomma på eit straffespark.
Jørgen Strand Larsen står med sju seriemål så langt denne sesongen.