Johanna Reksten og Jon-Hermann Hegg kom akkurat til kort i bronsefinalen i rifle liggjande for blanda lag i skyte-VM i egyptiske Kairo.
Den norske duoen tapte 13-17 for tyskarane Jolyn Beer/Max Dallinger, og dermed var det tyskarane som stakk av med den siste medaljen.
Også tysdag vart det norsk tap i ein bronsefinale i VM i skyting. Det skjedde i luftrifle lag for kvinner i juniorklassen.
Noreg står så langt med eit sølv i meisterskapen i Egypt. Det kom i mixedklassen for juniorar i rifleskyting ved Jens Olsrud Østli og Martine Sve.