Martin Sørlie-Rogne sette juniorverdsrekord med 617,9 poeng i den paralympiske øvinga R9 50 meter rifle liggjande under para-VM i skyting fredag.
Etter ein sterk start blei det til slutt 19.-plass i 18-åringens debut i VM. 617,9 poeng er også norsk rekord i både junior og senior.
Det er ikkje egne juniorklasser i para-VM, og 18-Ã¥ringen konkurrerer mot langt eldre og meir erfarne skyttarar.
Rekorden er Sørlie-Rognes andre juniorverdsrekord i 2022. I EM på Hamar i mars sette han rekord på ein annan paralympisk øving – R4 10 meter luftrifle ståande.