Norsk fall på Fifa-ranking

Les hele artikkelen

Det norske herrelandslaget i fotball har falle frå 36.- til 42.-plass på Fifa-rankinga etter tapa mot Slovenia og Serbia.
Brasil toppar lista framfor Belgia og Argentina. Frankrike, England, Italia og Spania følger på plassane bak.
Noreg gjekk på tap mot både Slovenia (1–2) og Serbia (0-2), som gjorde at dei mista gruppesigeren i nasjonsligaen.
Landslagsgutane enda på 2.-plass i gruppe 4 på nivå B i nasjonsligaen. Serbia sikra gruppesiger og rykkjer opp til nivå A, medan Sverige enda siste i gruppa og rykkjer ned til nivå C.
Canada, Skottland, Egypt, Australia, Algerie og Ungarn har alle gått forbi Noreg på den nye rankinga.
Ein finn også nasjonar som Tunisia (30.-plass), Peru (23.) og Iran (20.) over Noreg på lista.