Norges mikslag i curling slo tilbake etter opningstapet onsdag, og slo USA 11-6.
Kampen var lenge jamn, og Norge måtte tre gonger sjå USA ta leiinga, både med 1-0, 3-1 og 6-3.
Men dei tre siste omgangane var norske. Magnus Nedregotten og Kristin Skaslien tok sjette omgang med 3-0.
I sjuande omgang tok dei også tre poeng, denne gingen utan sistesteinen. I den siste stal dei også to poeng frå amerikanarane.
Neste kamp for det norske paret går allereie seinare i dag. Dei møter Canada klokka 13.05.
Nedregotten og Skaslien er rangert som nummer to i verda i denne øvinga, bak eit sveitsisk par som ikkje deltek i OL. Dei tok sølv i VM i 2019, og bronse då miks-curling stod på OL-programmet for første gong i 2018.