Norge-siger mot Angola – med tre mesterskapsdebutantar

Les hele artikkelen

Dei norske handballjentene vann sin første kamp i Posten Cup mot Angola. Duellen i Hamar endte 32-24.
Angola vart nummer 25 i VM for to år sidan.
Det norske laget holdt unna og kunne juble for sin første siger mot kvittrøyene. I delar av førsteomgang var det gjestane som hadde leiinga i kampen.
Til pause var det 16-14 til dei norske jentene.
– Eg er positivt overraska over Angola. Dei har godt trykk både offensiv og defensiv. Noreg har mykje å gå på, vi går på halv tank, sa NRKs handballekspert Amanda Kurtovic.
I andreomgang drog Noreg frå Angola, med ni mål framfor på det meste i kampen.
Maja Furu Sæteren fikk sin landslagsdebut i andreomgang samt sitt første mål. Torsdag vart ho kåra til årets unge spelar av NISO.
Olivia Lykke Nygaard starta i mål i førsteomgang, og etter pause fekk Marie Davidsen ta over buret. Dei er begge VM-klare dersom Katrine Lunde og Silje Solberg-Østhassel ikkje vert speleklare.
Torsdagens kamp i Hamar endte 32-24 til det norske laget.