Noreg med Jeanette Hegg Duestad, Jenny Stene og Milda Marina Haugen er vidare til 2. runde i kvalifiseringa på 10 meter luftrifle for lag under VM i Egypt.
Duestad og Stene skaut 315,9 poeng, mens Hauen skaut 311,2 poeng. 943,0 poeng heldt til tredjeplassen i kvalifiseringa bak Sør-Korea 947,1 og India 947,0.
Det norske herrelaget med Jon-Hermann Hegg 313,6, Henrik Larsen 313,9 og Simon Claussen 311,4, klarte ikkje å ta seg vidare. Laget fekk 939,3 poeng som heldt til ein 9.-plass.
2. runde og finalen går søndag.