Noregs to siste motstandarar i handball-VM for kvinner er klare. Det blir Kasakhstan og Iran som får plass i puljen saman med Romania.
Meisterskapen blir spelt i Spania i perioden 2.–19. desember. Sør-Korea vann finalen i Asiameisterskapen over Japan sist helg. Kasakhstan slo Iran i oppgjeret om bronsen. Det sende desse to laga inn i Noregs VM-gruppe.
– Vi har møtt Kasakhstan eit par gonger tidlegare, og dei hadde eit ok lag då. Iran er ein heilt ny kjenning. Det er bra for handballen og også kvinneidretten med nye lag, seier Noregs landslagssjef Thorir Hergeirsson til NTB.
Etter planen VM-opnar Noreg mot Kasakhstan 3. desember før Iran og Romania ventar.