Noreg med ny siger: Solberg-Østhassel tilbake i buret mot Polen

Les hele artikkelen

Det var Noreg som trakk det lengste strået og stakk av med sigeren i kampen mot Polen søndag ettermiddag, trass eit svakt angrepsspel frå Noreg si side.
Stillinga blei 27-25 til dei norske jentene.
Norge starta solid i leiinga med 10-4 og 14-7, men kampen jamna seg ut. Landslagssjef Thorir Hergeirsson nytta mange spelarar og toppa ikkje laget sjølv om polakkane pusta i nakken på Noreg.
I søndagens kamp var Silje Solberg-Østhassel å sjå tilbake blant stengene. I andreomgang kom ho inn for målvakt Marie Davidsen.
Ho hadde viktige redningar i andreomgangen og leverte også ei scoring på tampen.
I laurdagens kamp mot Island hadde Solberg-Østhassel sitt comeback og avslutta med ein redningsandel på 57 prosent. Det var hennar første handballkamp sidan februar, etter ho vart mamma i august.
– Silje skal vere stolt av den jobben ho har gjort ,og vi er ekstremt stolte over måten ho har prestert på. All ære til ho, seier lagveninde Camilla Herrem til NRK..
Sjølv om ho har prestert bra i desse kampane er framleis usikkerheit om stjernekeeperen er VM-klar.
– Vi skal ta ei opptelling og vurdering på det etter kampen, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson til NRK.
Onsdag startar VM, då skal handballjentene spele første kamp mot Grønland. Tittelforsvarar Noreg er klar favoritt før mesterskapsavkast.