Noreg knuste Finland i EM-kvalik

Les hele artikkelen

Jonas Wille og hans mannskap har fått ein perfekt start på EM-kvalifiseringa i handball. Finland var ingen målestokk, og Noreg vant med komfortable 35–22.
Ved pause leidde Noreg 19–14.
Noreg opna med tolvmålssiger heime mot Slovakia, medan finnane tapte med ti mål for Serbia.
Jonas Wille har tatt over etter Christian Berge. Han har halde på mykje av systemet som var under Berge, men vil prøve å utvikle det offensive spelet.
Den første verkelege prøva for det norske laget i kvalifiseringa blir mot Serbia i mars.
Noreg møter Serbia borte 8. og i Bergen 12. mars. Noreg avsluttar kvalifiseringa borte mot Slovakia og heime mot Finland i april.