Noreg klar for semifinale i lagtempo

Les hele artikkelen

Noreg er klare for semifinale i lagtempo på skøyter. Peder Kongshaug, Hallgeir Engebråten og Sverre Lunde Pedersen slo USA i samløp, og var også klart føre Russland, Nederland og Canada.
– Det var solid. Ganske vondt, men sånn skal det vere. Vi gjør et bra løp, så eg trur vi har enda meir inne. Vi rotar litt på slutten, sa Kongshaug til NRK.
– Det var litt rusk undervegs, særleg på dei to siste rundane. Vi var stive og slitne. 3.37 her er skamfort, sa Pedersen.
Noreg fekk god pes av USA, laget som sette verdsrekord på distansen i desember.
Men i Beijing leia Noreg heile tida, og var fire hundredelar føre i mål.
Tida blei god. 3.37,47 er berre 39 hundredelar bak den olympiske rekorden som det norske laget sette i gulløpet i 2018.
Noreg og USA tok dei to første plassane. Det russiske laget tok tredjeplassen med 3.38,67. Nederland tok den siste plassen, medan Canada er slått ut og må til B-finale.
I semifinalen tysdag skal Noreg møte Nederland. Der er det ikkje tida som tel, berre å vinne paret.