Nordtveit må opererast

Les hele artikkelen

Håvard Nordtveits avskjed med den tyske Bundesliga-klubben Hoffenheim blei av den triste sorten. Ein lårskade tvingar ham til å legge seg på operasjonsbordet.
Nordtveit kom inn som innbytar for Hoffenheim i 2-2-kampen mot Jens Petter Hauges Eintracht Frankfurt laurdag. Rett før full tid måtte han forlate bana med ein skade.
Onsdag stadfestar Hoffenheim at skaden er av det alvorlege slaget. Ei avriva sene i låret gjer at Nordtveit må gjennom ein operasjon.
Dermed har rogalendingen spelt sin siste kamp for sin noverande arbeidsgivar. Det er for lengst klart at 31-åringen vender heim til Noreg når kontrakten hans med Hoffenheim går ut i sommar.
Tre serieomgangar står att i Bundesliga.