Håvard Nielsen scora målet som gav Greuther Fürth den første heimesigeren i Bundesliga. Nordmannen scora i det 56. minutt då motstandar Union Berlin ikkje greidde å klarere etter corner, og klubben hans vann 1-0.
Greuther Fürth hadde ein uavgjort og 13 tap hittil i sesongen, og ligg framleis heilt sist.
Sist helg blei dei slått 7-1 av Bayer Leverkusen i sitt 12. tap på rad.
Faktum er at sigeren var Greuther Fürths første i 1. Bundesliga nokosinne. Dei var også i toppdivisjonen i 2012/13 og vann fire kampar. Men alle var borte. Så etter 23 heimekampar utan siger var det Nielsen som gav dei den første.