Nederland slo Kasakhstan med ikkje mindre enn 61-15 i Norges VM-gruppe i kveld. Altså litt meir enn ei scoring i minuttet.
Ved pause stod det 27-9, og nederlendarane vann andre omgang med 34-6.
Bo van Wetering blei toppscorar med 18 mål.
– Målet vårt var å score over 60 og sleppe inn under 15, sa Nederlands målvakt til NRK.
Med sin 46-målssiger i kveld får dermed Nederland med seg ein enorm målskilnad, som kan bli avgjerande til slutt.
Ettersom Nederland og Sverige tidlegare har spela uavgjort, vil det bli den totale målskilnaden som avgjer dersom dei får same poengsum til slutt. Og Sverige makta berre 35-målssiger over Kasakhstan.
61 mål er VM-rekord. Den gamle var på 57 mål, sett av Ungarn mot Australia.
Norge møter Sverige i kveld og Nederland måndag.