Tennissuperstjerna Andy Murray (34) fekk det tøft mot japanske Taro Daniel i andre runde av Australian Open. Kampen enda 6-4, 6-4, 6-4 i favør japanaren.
Murray var favoritt før oppgjeret, men hadde lite å stille opp med mot japanaren Taro Daniel torsdag. Skotten er rangert som den 113. beste spelaren i verda, medan Daniel er rangert som nummer 120.
Japanaren vann dei to første setta, før skotten gjorde eit lite comeback i tredje sett. Men 28-årige Daniel vart for sterk, snudde kampen og vann til slutt 6-4, 6-4, 6-4 i sett etter to timar og 49 minutts spel.
Murray kom inn i Australian Open ved wildcard, og har i fleire sesongar slite med mange skadar. 34-åringen har tidlegare spelt fem finalar i turneringa utan å vinne nokon av dei.