Molde surra bort tomålsleiing

Les hele artikkelen

Alt var jubel og glede i Molde etter halvspela førsteomgang. Dei dominerte kampen og leia 2-0 etter scoringar av Ola Brynhildsen og Markus Andre Kaasa.
Så tok det til å kladde for dei norske seriemeistrane, og Djurgården slo tilbake. Victor Edvardsen reduserte like før pause.
Molde greidde aldri å ta tilbake initiativet i kampen i andre omgang, og Joel Asoro og Haris Radetinac snudde kampen til svensk siger 3-2.
Djurgården sikra seg dermed gruppesigeren og direkteplass i sluttspelet. Molde må ha poeng mot Gent borte i neste veke for å framleis ha ein sjanse til å gå vidare.
Gent spela 1-1 borte mot Shamrock i den andre kampen i gruppa torsdag.