Minnesota vann, Zucca poenglaus

Les hele artikkelen

Minnesota Wild vant 5–1 over Washington Capitals i NHL i natt. Mats Zuccarello fekk over 17 minutt på isen, men kom ikkje på scoringslista. Han noterte seg for eitt skot på mål i bortekampen.
Det var lagkamerat Joel Eriksson Ek som blei den store spelaren med to scoringar og ein assist. Tyson Jost, Marcus Foligno og Nicolas Deslauries scora dei andre måla til Wild.
Minnesota Wild forlenga lagets sigersrekkje til ti kampar på rad.
Zuccarello har scora 20 gonger denne sesongen. Med sine 49 assist er han oppe i 69 målpoeng totalt. Det er hans beste poengfangst som NHL-spelar. Totalt er han oppe på 496 målpoeng i NHL-karrieren i grunnserien og nærmar seg 500 som er ein milepæl. Det etter 677 kampar.