Regjerande seriemeister Milan slo byrival Inter 3–2 i Serie A laurdag. Rafael Leão scora to av måla for vinnarlaget.
Med det er Milan stadig utan tap etter fem kampar, medan Inter har tapt to gonger i sesonginnleiinga.
Etter eit blekt 0-0-resultat mot Saussolo sist, var det eit målhungrig Milan som møtte opp til byderbyet i Milano laurdag. Marcelo Brozovic sende Inter i leiinga etter 21 minutt, men sju minutt seinare utlikna Leão.
I løpet av det første kvarteret av andre omgang hadde Olivier Giroud og Leão auka leiinga, før Edin Dzeko scora reduseringsmålet dryge 20 minutt før slutt.
Dei blå- og svartstripete greidde likevel ikkje å finne utlikningsmålet, og gjekk på sitt andre tap for sesongen. Dei har også tapt 1–3 for Lazio.
Tidlegare laurdag spelte Fiorentina og Juventus 1–1. Arkadiusz Milik sende Juventus i leiinga før Christian Kouamé sikra Fiorentina-poeng.