Messi vil tilbake til Barcelona

Les hele artikkelen

Lionel Messi vil slå seg ned i Barcelona nå hans kontrakt med Paris Saint-Germain går ut. Der vil han prøve å bli teknisk direktør i klubben han spela for i nesten to tiår.
Det fortel han i eit intervju med den spanske avisa Sport, ifølgje The National.
34-åringen fekk ikkje fornya kontakten i sommar, og skreiv i staden toårskontrakt med PSG.
Han scora 674 mål for Barcelona, og hjelpte dei til 24 trofé.
Klubben har slite sidan Messi reiste, og er no nummer 9 i La Liga, etter å ha vunne berre 4 av 11 kampar.
– Dersom det er mogeleg, vil eg vere veldig glad for å igjen kunne bidra, fordi det er den klubben eg elskar, seier Messi.