Lionel Messi har stått over PSGs to siste kampar grunna leggskade, og fryktar no at han kan miste det som skal bli hans siste fotball-VM i Qatar.
– Skader er ei bekymring. Dette er et annleis VM, som går på ei anna tid på året enn tidlegare turneringar, og det er så tydeleg at kvar ein liten ting som skjer med deg kan halde deg ute, seier Messi til DirecTV.
Paulo Dybala og Angel Di Maria er også ute med skader og er i fare for å miste meisterskapen.
Di Marias skade er ikkje så ille som først rekna med, og han vil truleg vere klar til Qatar. Dybala derimot er framleis veldig usikker framfor det kommande verdsmeisterskapen.
– Det er noko du tenkjer på, men eg synest ikkje det er noko lurt å gå rundt å tenke på. Det beste du kan gjere er å prestere som normalt og spele spelet ditt som du alltid gjør, seier Messi.