Mercedes trekkjer protesten

Mercedes-laget trekkjer protesten dei la inn etter at Lewis Hamilton tapte den dramatiske avslutninga på formel 1-sesongen i Abu Dhabi sist søndag.
Det stadfestar dei i ei pressemelding. Den første protesten deire blei avvist, men anka.
Det gjer dei etter at det internasjonale motorsportforbundet (FIA) vil setje ned eit utval som skal granske det som skjedde då Max Verstappen vann årets VM, og oså å gjere reglane tydelegare.
– Vi held FIA ansvarleg for å gjennomføre ein god prosess, og trekkjer hermed protesten, skriv Mercedes.