Under sykkel-VM i Wollogong i Australia neste år skal menn og kvinner for første gong sykle temporitt i same løype, melder det internasjonale sykkelforbundet (UCI).
Vanlegvis har kvinnene køyrt ei kortare løype enn mennene. I år sykla kvinnene 30,3 kilometer, mennene 43,3.
– Det er ein del av likestillingsarbeidet vårt, seier UCI.
Wollogong er ein liten kystby knappe sju mil sør for Sydney, og der skal VM gå frå 18. til 25. september neste år.