Paris Saint-Germain stilte med front-trioen Lionel Messi, Neymar og Kylian Mbappé, men kom likevel til kort mot Birger Melings Rennes.
Dette er også første gang PSG tapte i Ligue 1 denne sesongen. Rennes vann kampen 2–0 etter skåringar frå Gaetan Laborde og Flavien Tait.
Stjernegalleriet til PSG klarte aldri å svare, det nærmaste dei kom var eit annullert mål for Mbappé.
Birger Meling spelte heile kampen, og var sterkt delaktig i at Rennes haldt nullen mot serieleiaren.