Meisterliga-siger for Oilers

Les hele artikkelen

Stavanger Oilers tok ein viktig siger i den andre kampen i meisterligaens gruppespel då dei slo sveitsiske Fribourg-Gotteron 1–0 borte laurdag.
Ludvig Hoffs scoring etter 5.36 i første periode blei einaste nettkjenning i kampen. Scoringa kom i overtal, og Tommy Kristiansen og Andreas Klavestad fekk notert assist.
Sigeren kom to dagar etter det sure tapet i forlenging i opningskampen i gruppe E mot RB Salzburg.
I 3. periode hadde Oilers ein puck over mållinja, men etter ein lang videostudie av situasjonen avgjorde dommarane at Paul Bittner hadde vore for røff mot heimelagets keeper.
Det er fem år sidan sist hockeylaget frå oljebyen deltok i meisterligaen. Det skal spelast seks rundar, og dei to beste i kvar gruppe tar seg til åttedelsfinale. 9. september tar Oilers imot RB Salzburg heime.