Meir trøbbel for Skeid

Les hele artikkelen

Verken Stabæk eller Fredrikstad klarte å sette ballen i mål og måtte sjå seg fornøgd med eitt poeng kvar. Skeid gjekk på sitt fjerde strake tap i 1. divisjon.
Toppkampen mellom Stabæk og Fredrikstad blei eit sjansesløseri utan like og enda 0–0 på Nadderud. Bærums-laget legg seg dermed inn på tredjeplass på tabellen. Fredrikstad er heilt nede på 10.-plass.
I kampen mellom Raufoss og Skeid fekk Oslo-laget seg nok ein trykk. Skeid står med fire strake tap og berre tre poeng denne sesongen. Med ein målforskjell på 12–23 ligg dei helt sist i ligaen. Markus Seehusen Karlsbakk sikra 1-0-seier for Raufoss.
Start gjekk på eit forsmedeleg heimetap mot nyopprykka Kongsvinger. Det var superveteranen Adem Güven som sikra sigeren for gjestene i det 74. speleminutt. Med 1-0-siger på Sørlandet klatrar Kongsvinger opp til 11.-plass, medan Start er på 8.-plass.