Arsenal-spissen Beth Mead stråla då Englands beste kvinner entra Wembley for første gang på to år.
I VM-kvalifiseringskampen mot Nord-Irland var stillinga 0–0 då Mead entra bana etter 63 spelte minutt. Eit kvarter seinare leda England 4–0, og Mead hadde skåra eit hat trick.
Beth England skåra det siste målet for England, som no har ein målskilnad på 22–0 i VM-kvalifiseringa, og styrer mot eit nytt meisterskap.