Masseutsetting av hockeykampar

Les hele artikkelen

Norges Ishockeyforbund veit ikkje kva smitteverntiltak som gjeld frå fredag og ser seg derfor nøydd til å utsetje eller avlyse alle kampar utanom eliteserien
Det opplyser forbundet i ei oppdatering tysdag formiddag. Alle kampar på aldersbestemt nivå og frå 1. divisjon og nedover til og med 17. januar blir utsette eller avlyste.
«Så snart vi vet hva de nye smitteverntiltakene innebærer for vår virksomhet vil vi komme med ny oppdatering», skriv forbundet.
Dei gjeldande nasjonale smitteverntiltaka gjeld til fredag denne veka.